
Det begynner å bli vår i lufta og tørt på bakken, og skatarane vil skate igjen på Edvard Griegs plass. Dersom dei får lov.
I fjor vår vart det introdusert  eit nytt byrom i Bergen, Edvard Griegs plass, av Mette og Morten Molden  as og Arne Sælen. Plassen og bygningane har fått diverse kritikk,  men skatarane i Bergen var kjempeglade for endeleg å få ein slik skatespot  som dei hadde venta på skulle dukke opp mellom all brusteinen. Kort  tid etter at dei tok byrommet i bruk vart det satt opp ulike provisoriske  og svært estetisk skjemmande hindringar for at dei ikkje skulle ha  tilgang til curben/granittbenken på platået midt på plassen.   Dei midlertidige hindringane fungerte ikkje, og den permanente løysinga  var å sette inn stålskiver mellom granittblokkene som utgjer benken,  slik at den ikkje lenger er mogleg å skate på. 
Ein arkitekt bør sette pris på  at skatarar tolkar og gir figurar eit nytt lag med meining. Han bør  ta det som et kompliment når nokon responderer på strukturane han  har teikna på den mest undersøkande, intime og aktive måten som det  er mogleg å respondere på gjenstandar i eit byrom på. Ein som skater  kjenner formen, teksturen, balansen, rommet og komposisjonen i byromselementa  på ein heilt annan måte enn nokon av dei andre brukarane. Spør du  ein skatar i Bergen kan han fortelle deg ikkje berre i kva for gater  det er asfalt, brustein og heller, men også kva mellomrom det er mellom  hellene, kor mange trinn dei ulike trappene i byen har, dimensjonane  på trinna, og så vidare.  En skatar, såvel som andre brukarar  av byrommet, er aktiv i postproduksjonen av arkitekturen, medan arkitekten  arbeider med planar og teikningar. Ein arkitekt som opererer i det offentlege  rom bør ta inn over seg dette, at ein struktur sin funksjon og meining  blir fullført og definert gjennom bruken og hendelsar, og ikkje i planprossessen.  Det som ellers gjeld særleg for denne plassen er at det fyller eit  steinbelagt tomrom med aktivitet og energi. Skatinga er også til underhaldning  for dei som tar en utepils på Kafé Edvard, eller ein fin kontrast  for dei som tar turen ut i pausen mellom satsane inne i Grieghallen.   
Så kvifor er det satt opp skatestoppers på curben/granittbenken på Edvard Griegs plass? Fordi fargen på undersida av bretta smittar av på kantane på granitten og ved svært stor bruk over lang tid kan det i verste fall oppstå små hakk. Ingen av desse to vil uansett vere visuelt like forstyrrande for den heilheitlege formen av granittbenken som det metallskivene er. Det gjeld både metallbjelkane som var der frå starten av og dei som er sett på i ettertid. Spora frå skatinga bør sjåast som ein kvalitet ved gjenstanden som forteller om bruken og aksepterast som en del av det heile. Det bør vere en enkel ting å akseptere, fordi aktiviteten som skatarane har tilført dette byrommet er den mest vellukka delen av heile plassendringa. Skatestopparane bør fjernast.
6 kommentarer:
e9g!
det må ver det mest gjennomtenkte innlegget her til dags dato. Topp stil.
Hvor er det/skal det trykkes/trykket?
Ho har sendt det til BT, studvest, natt&dag og blgmtrl. Det kommer ivertfall på trykk i studvest. Har ikkje fått svar fra dei andre avisene enda.
Ja, ho er flink!
Kommer i BT på fredag.
Rått!
Kjempebra leserinnlegg!
Legg inn en kommentar